Saturday 4 October 2014

Operasjon Arktis - Isbjørnenes Herre

"Operasjon Arktis" er ein norsk ødeforteljing satt på øygruppa Svalbard. Frå framsida kan det sjå ut som ein episk eventyrsfilm, men det er det ikkje. Heldigvis så er "Operasjon Arktis" veldig god på det den faktisk er. Eit drama om det å bli vaksen.


"Operasjon Arktis" handler om dei tri barna Julia, Sindre, og Ida som akkurat har flyttet frå Stavanger til Bodø på pakkelastet til mamma i forbindelse med hennes nye stasjonering i redningstenesten. Fyrste dag på skulen kjem Sindre i trøbbel og løp vekk for å sleppe konsekvensene, Julia og Ida spring kjapt etter for å få ham til å kome tilbake. Når dei kjem over et redningshelikopter som skal til Stavanger på service ser ungene sin moglegheit til å hoppe på for å besøke faren som enda er i byen. Diverre blir helikopteret sendt til Halvmåneøya på redningsoppdrag i staden, og ungene blir forlatt der heilt åleine.

Filmen er veldig annleis frå kva eg trudde den kom til å bli. Eg trudde det kom til å vera ein magisk og fantastisk reise i Arktis, at me fekk følgje ungane mens dei såg på det flotte landskapet og dei store dyra. Men det eg fekk var ein film om å overleve. Ungana har ingenting med seg, det er så vidt dei har på seg klede som ville haldt dei varme i Bodø, og her står dei på Svalbard på ei øy kor det strengt talt ikkje er lov å vera. Den einaste bustenada er eit gamalt skur som ble bygd nesten hundre år tidlegere. Den einaste personen som hadde skulle ha vore der ligg på ei båre på helikopteret barna kom til øya på, på veg tilbake til fastlandet og sjukehuset, det er så vidt det er mat for nokre dager til. Altså ingen magisk eller fantastisk reise gjennom sne og is.

Skodespelet kan vera ganske så dårleg til tider, spesielt i byrjinga. Det ser ikkje heilt ut til at barna veit kva dei skal gjere, dei slit utan nokon vaksne til å hjelpe med å bære scenene, dei er heilt åleine foran kameraet, og det synes. Det blir dog betre etter kvart som filmen går, eller kanskje du berre blir vant med det. Etter kvart trur du verkeleg på ungane, at dei har det forferdeleg der dei er, at dei ikkje aner kva dei skal gjere. Etter kvart som den eldste, Julia, kjem fram som ein ledarperson blir med eit alt mykje betre. Ho klarer utmerket å helde scenene oppe for seg sjølv, og det er scenane med ho i fokus som klart er dei beste i filmen.

Alt i alt er dette ein meget bra film. Til og med dei elementane som du kanskje irriterer deg over i byrjinga viser seg til å vera veldig mektige og sterke scenar som blir byggja på konstant som filmen spelar vidare. Det kan vera nokon ting som går att litt ofte til tider, slik at du bryjar å lure på kvifor dei går i dei same fellane heile tida, men når ein ser på filmen som ein heilskap gir det med eitt meining, og det blir mykje betre. Det er klart ein film kor du må kome deg gjennom noko dårleg for å kunne sette pris på kor bra det egenleg var, men det er absolutt verdt det.

No comments:

Post a Comment