Sunday 5 October 2014

Skumringslandet - Middelaldersk krim

"Skumringslandet" var ein film eg hadde høyrt ingenting om før det ein dag kom ein e-post frå den lokale kinoen om at dei skulle sette opp førpremiere på filmen ei veke før sjølve premiera. Utan å vite kva eg satte meg inn i kjøpte eg like så greitt ein billett og tok turen. Det angrer eg ikkje på.


"Skumringslandet" er satt på Norges vestland i 1348, akkurat rundt dei tider svartedauden tok seg over Europa. Me følgjer Vilhelm som etter fleire år utanlands kjem tilbake for å renske sin brors namn av morderangklagar. Det hjelp ikkje på saka at broren er einaste arving til ei svær gruve som både kyrkja og kongen gjerne skulle hatt sjølve.

Det spesielle med denne filmen, det som eg ikkje hadde forventa, at det rett og slett berre er rein krim. Dette kunne vore Wallander, Poirot, eller Sherlock, det er berre "tilfeldigivis" satt til middelalderen. Det gjer eit veldig spesielt inntrykk etter kvart som filmen går. Det er noko med hovudet som seiar at når noko ser ut som denne filmen ser ut så er det enten om dragar og riddarar, eller kungar og røvarar. I staden får med ein detektiv, eit offer, og eit par mistenkte. Det er veldig stilig å sjå koss filmskaparane har tenkt til seg om koss ein kunne løse kriminalsakar på den tida. Før fingeravtrykk, DNA, eller til og med bilete og generell lesekunne. Fleire gonger går refleksen min av og får meg nesten til å skrike om at detektiven må sjekke blodet, og ikkje ta så mykje på alt, men det er jo så klart ingen nytte av det i filmens setting.

Produksjonen av filmen er for det meste veldig bra. Kostymar, sett, og talent er alt på plass, akkurat som ein storfilm. Det ser ut som dei er i den tida dei er i, og dei fleste skodespelarane er gode i rollane sine. Det er nokon som ikkje klarer seg like bra som andre, men til samen balanserer det seg ut og me får eit bra resultat.

Alt i alt er dette ein vel gjennomført film, med eit utruleg interessant konsept. Det er vanskeleg for filmen å leve opp til konseptet, for min del når det aldri heilt opp, men det er så interessant å oppleve at det alikevel slukast opp. Det her er ingen britisk, tysk, eller amerikansk storproduksjon. Du ser godt at det ikkje har vore nært ubegrensa budsjett på filmen, men dei klarer seg veldig bra med det dei har, så det er absolutt ein film verdt å få med seg.

No comments:

Post a Comment