Sunday 12 April 2015

Daredevil - Marvel sin fyrste superhelt

På fredag kom Marvel med sin fyrste storsatsing på faktiske superheltar på fjernsyn. Me har tidlegere hatt to seriar om dei hemmelege agentane som ofte jobbar med superheltar, men "Daredevil" på Netflix er den fyrste til å vera ein superheltserie heilt gjennom. Kor bra ble det?


Eg har relativt liten erfaring med Daredevil, båe som karakter og konsept. Men utfrå ein film som ingen snakkar om, og nokre animerte serier frå 90-tallet så veit eg cirka kva det går i. Ein gutunge blir blind, og så blir dei andre sansane hans så sterke og utrulege at han kan sjå betre enn dei fleste andre. Dette er også grunnkonseptet frå Netflix-serien.

Men eg vil ikkje snakka for mykje om kva serien handlar om, men heller om kva den prøvar å gjere. Kva den er meir enn den visar. "Daredevil" er kanskje det beste som Marvel har produsert til dags dato. Dette inkluderar alle filmar og tidlegere seriar. Marvel har laga sjukt mykje gøy, og "Daredevil" er på langt nær så gøy som "Guardians of the Galaxy" eller "Avengers", men den er det fyrste Marvel har laga som er verkeleg bra. Me får tid til å kjenne karakterane over dei rundt tretten timane serien går over, betre enn nokon av dei andre superheltane me har blitt introdusert for. No verker det nesten som om Iron Man og Captain America er meir som bekjente enn karakterer eg faktisk kjennar godt. Det blir litt urettferdig å samenlikne appelsin og eple, men slik er det no, det gjer serien ein valdsamt god overhand.

Det som kanskje er stiligast med serien er at Daredevil faktisk er den fyrste verkelege helten i marvel sitt kinematiske univers (Marvel Cinematic Universe, MCU). Matt Murdock går ut på gatane og kjempar mot kriminelle fordi han meinar det er rett, og fordi han har moglegheita. Ikkje fordi nokon har bedt han om det, han vil helst ikkje at folk i det heile tatt veit han gjer det. Då blir han noko heilt anna enn Tony Stark som oftast havnar i trøbbel fordi han seiar noko dumt, og er berre ute på gatana for å rydde opp når han har vore med å skapt problema. Steve Rogers er kanskje litt nærmare, men han óg jobbar for ein organisasjon som er ute etter å redde verda. Han er meir ein politimann enn ein vaskekte superhelt. Daredevil er der fordi folket treng han, ikkje fordi dei vil ha han. Og det er fantastisk å sjå ein serie som er så annleis frå det alle dei andre filmane opp til no har bygga opp. Dette er ingenting som filmane, men du kjem til å elske det.

No comments:

Post a Comment