Monday 6 April 2015

The Fast and the Furious - Ein mesterklasse i suksess

Eg såg den fyrste filmen ein gong for lenge sida. Det kan ikkje ha vore kjempelenge etter den kom ut. Eg forstod ikkje heilt appellen, og appellen ble enda mindre når eg så vidt såg noko av oppfølgjaren "2 Fast 2 Furious" ei stund etter. På grunn av det har eg til no blankt ignorert resten av filmane i serien. Til tross for kor svære og populære dei har blitt. Eg ville ikkje sjå dei, eg visste eg ikkje likte dei, eg visste dei var teite. Men herligheten så feil eg tok.


Markedsføringslaget bak filmen forten ein eller anna pris for det dei har gjort. Lenge har eg ikkje kunne gått på kino eller internett utan å sjå dei mest actionfullte scenane nokon sinne frå "Fast & Furious 7". Traileren starter med at dei hopp i fallskjerm i bilar. Når filmen då endeleg kom ut i Noreg lurte eg på om eg ikkje burde sjå resten av filmane, kanskje det var noko i dei sida dei var så populære, og såg så kule ut, men det var ikkje før hypen frå USA kom til lands at eg verkeleg forstod at eg måtte sjå filmen. I går, sundag, såg eg filmar nummer 1 til nummer 5. Rundt ti timar med bilar og action som eg trudde eg ikkje likte. Det var så vidt eg kom meg så langt, for "2 Fast 2 Furious" står enda ut som ein sår tommel, men når serien finn ut kva den verkeleg er. Det er då det starter.

Den nyaste filmen, den syvande, er kva eg ville kalt den tredje i ein soft reboot av serien. For i film nummer 5 ("Fast Five") byrjar dei å gå i ein heilt anna retning. Dei forstår at det er ekstrem action og tøffe karakterer me er ute etter. Familiedramet kan gå meir i bakgrunnen og funke som drivstoff for actionen me verkeleg vil ha. "Fast & Furious 7" tar heilt av i alle banar. Det er action frå byrjing til slutt med veldig få dødpunkt. Det er nesten den perfekte actionfilm, det er iallefall den perfekte actionfilm for vår tid. Me har helikopter, me har dronar, me har fallskjermbilar, me har kule gadgets, fine damer, muskelbuntar, morosame vitsar, nesten alt er på plass.

Ja, eg seiar at nesten alt er på plass, men det er ein veldig tynn nesten. For viss du ser på dette som eit dramatisk epos kor historia er i senter av alt så blir det kanskje litt vel tynt. Det meste av plot er gåing frå punkt til punkt. Når du kjem frå A til B så går du til C, så til D, og ein siste gong til E. Det er ikkje noko magisk, ingenting spesielt du ikkje har sett før, men den trenger ikkje å vera det. For med alt den har så er den ein av dei mest underhaldane filmane du kjem til å sjå i år, og vonar verkeleg at du ser den.

No comments:

Post a Comment