Saturday 10 January 2015

Staying Alive - Tynt på tynt

Til tross for ein smårar og uinteressant tittel så ble eg interessert i "Staying Alive" frå fyrste gong eg såg traileren på kino. Den var visuelt pen, den var morosam, ljodbilete var gøy, og det såg ut til å vera iallefall greit skodespel. Men koss var den egeneleg når eg endeleg fekk sett den?


"Staying Alive" handler hovudmessig om Marianne som går gjennom eit samlivsbrudd etter ho oppdager at kjæresten Håkon har vore utru. Med huslån, to barn, og eit veldig felles sosialliv er det lettere sagt enn gjort å gå frå kvarandre etter femten år. Har ho i det heile tatt egenleg lyst å gå frå han? Har ho lyst å vera åleine att? Kan ho kanskje takle og leve med at Håkon var utru med ei frå regnskapsavdelinga?

Filmen er heilt klart morosam, til tider nesten hysterisk morosam, men alikevel gjekk eg vekk med ei kjensla at den egenleg ikkje var morosam i det heile tatt. Eg lo gjennom nesten heile filmen, men var den gøy? Hovudproblemet med "Staying Alive" (anna enn tittelen) er strukturen. Halvvegs gjennom filmen var eg klar til å gå. Ikkje fordi eg følte den hadde vart veldig lenge, men fordi det føltest som om filmen hadde fortalt alt den ville fortelle. At det ikkje var meir att å sjå. Alikevel fortsatte filmen i ein god halvtime-tri kvarter til før den til slutt slutta på eit punkt som egenleg ikkje føltest som ein slutt.

Det er mange gode ideer i denne filmen, men det er óg ein del dårlege. Den dårlegste er kanskje det veldig tynne sideplottet med Linn Skåber sin karakter som tar sted hundre prosent i en bil mens kjæresten hennar øvelseskøyrar. Det høyrast morosamt ut, og det var det fyrste gong me fekk innblikk i den verda, men det var alt med såg av det plottet. Alltid i den bilen. Og det hadde ingen konsekvens for kva som skjedde utanføre den settinga. Ho snakka aldri med Marianne om det som skjedde i bilen, ho fekk ikkje noko gode ideer der som kunne hjelpe Marianne, alt me fekk var ein mannleg karakter nummer to som så vidt prøvar å kaste litt ljos på Håkon sin side av saka. Det blir for tynt.

Alt i alt er dette ein heilt grei film. Klart verdt å sjå, du kjem til å få ein god latter. Du kjem til å kjenne med Marianne når ho går gjennom alt, kjenne koss ho har det. Men det er ikkje ein film du kjem til å hugsa ved slutten av året, det er ikkje ein film som du kjem til å absolutt elske. Noko som er synd, for som sagt er det veldig mykje bra ingredienser, dei er berre ikkje blanda bra nok inn.

No comments:

Post a Comment