Saturday 27 September 2014

1001 gram - Uferdig singeldrama

"1001 gram" er Noreg sitt bidrag til kategorien "Beste framandspråklege film" under dei 87. Academy Awards (Oscar-prisen, som den kanskje er betre kjent som) tidleg neste år. Men har den egenleg fortent det?


"1001 gram" er historia om kvinnen Marie Ernst som jobber for det norske justervesenet. Når hennes far ikkje kan dra til kiloseminaret i Paris for å diskutere redefinisjonen av kiloet og for å få det offesielle norske kiloet kontrollvege blir ho sendt i hans sted. Der møter ho ein hyggeleg franskmann, og lærer så vidt koss ein best brukar livet.

Når du ser vekk frå det relativt originale konsepet som historia dreiar seg rundt så er det diverre ikkje så veldig mykje spesielt med denne filmen. Det verkar som berre enda ein av dei norske filmane om kor kjipt det er å ikkje ha familie, og at alle alltid prøver å finne ut kva livet faktisk handler om. Det blir nokre friste pust når me får drar fram og tilbake mellom Marie sin kvardag i Noreg og hennes dagar i Paris, men ikkje nok til å heve nivået noko nevneverdig.

Skodespelet føler eg det blir vanskeleg å seia noko på. Til å byrja med verka dei fleste figurane ganske stive og falske, som om dei var skrevne figurar og ikkje faktiske folk, men etter kvart som filmen går blir det betre og betre. Spesielt nokon av dei mindre figurane er verdt å nevne. Dei utan namn, dei som er så vidt innom for ein replikk eller to, dei var ofte lettere å kjenne seg att i. Så i motsetning til mange andre filmar var dei meir eit positivt element enn ein distraksjon.

Alt i alt så hadde eg det gøy under filmen. Den klarte å vekke dei kjensalene som den prøvde, og den holdt meg underhaldt til siste minutt, men ikkje noko meir enn ein tilfeldig valt film på Netflix. Dessuten så verkar "1001 gram" litt uferdig, spesielt mot slutten, og eg satt att med kjensla at den var blitt broten av før den faktisk var ferdig. Den spelte klart litt på tropen om at når filmen sin historie slutter så byrjar ei ny, men det var ikkje riktig tidspunkt å køyre rulleteksten.

No comments:

Post a Comment