Saturday 20 September 2014

Mot naturen - Flau og fin

For det meste er eg ikkje særleg stor fan av norsk film. Mest fordi eg frå ung alder ble dratt mot det mystiske engelske språket som eit underhaldningsspråk, men óg fordi det er relativt få norske filmar eg faktisk har hatt sansen for. "Mot naturen" er dog veldig fin.


Ole Giæver har skrive, regissert, og spelt hovudrolla i "Mot naturen". Ein film om mannen Martin og alle tankane som driv gjennom hovudet hans når han er på helgetur åleine på fjellet. Dette er ein slik type film kor det som "faktisk skjer" ikkje er i fokus. Det er berre noko som hender i bakgrunnen mens me følgjer med på Martin sjølv og kva han tenker om alt som har skjedd i det siste, forskjellege måter han kunne handert ting på, ting han burde ha sagt, ting han burde ha gjort, generelt sett akkurat slike ting som me alle samen går rundt og tenker på når me er åleine med tankane våre.

Det er ikkje til å kome vekk frå at dette langt i frå er ein film for alle. Det er lang veg å gå frå dei actionprega storfilmane som pleier å prege den norske kinotoppen side om side med diverse barnefilmar. Med hovudfokus på det mentale over det fysiske så blir det ein heilt anna oppleving, det blir meir det eg ville kalla ein "snakkefilm". Ein film kor ordet står i sentrum, og absolutt ikkje er til å oversjå. Det er relativt få replikker som blir sagt ut høgt eller på "direktesending" i denne filmen. Det meste me høyrer er enten tilbakeblikk frå Martin sitt perspektiv, fiktive situasjoner i hovudet hans, og kva enn anna han kan kome til å tenke på. Sjølv når han faktisk møter nokre andre folk så er det knapt med orda som blir sagt, det er ikkje sjølve interaksjonane som er meininga med filmen, det er tankane rundt dei.

Alt i alt tykkjar eg "Mot naturen" er ein veldig flau og fin film. Me får verkeleg kjenne på kjenslane til Martin, han verker som han faktisk er ein verkeleg person. Verkeleg nok til at eg blir så flau av noko av det som skjer at eg rett og slett må ta ein pustepause og lukke auga, men filmen kan óg bli litt vel keisam til tider. Det er augenblikk kor eg ikkje kan hjelpe å dra litt ekstra på gjespemusklene og lure på kva klokka er, men det er nesten å forvente av ein slik type film. Det er mykje å ta inn over seg å vera inni ein anna person sitt hovud, óg viss dykk er ulike nok så blir det fort nokon ideer og tankar som berre ikkje interesserer. Det er dog alikvel eit veldig flott innblikk i Martin sin verd, og absolutt verdt å sjå viss du ikkje har noko i mot dei såkalla "snakkefilmane".

No comments:

Post a Comment