Monday 16 February 2015

Ettersnar 7 - Største helga sida 2012

Ein ting som lenge har interessert meg er besøkstall for kino. Det er besøktstalla i år som bestemmer kva filmar me ser dei neste par åra, så det blir nesten litt som å følgje med på ein sportane med mest spelare i verda. Du tipper på kor mange som ser ein film, mens du samtidig håpar at fleire ser ein anna ein. Difor tenkte eg at eg skulle prøve et lite pilotprosjekt no som bloggen nyleg er relansert, og introduserer Ettersnar kor eg på mandagar ser på besøkstalla frå helga før, og litt om kva eg tenker rundt resultatet. Så no skal me ta ein titt på helga for veke syv.


Veke syv hadde ikkje altfor mange nye filmar på kalendaren, men den hadde nokon. "Fifty Shades of Grey", "Night at the Musem: Secret of the Tomb", og "Phoenix" var hovudpremierane, mens fire andre mindre óg tikka stille inn på kalenderen. Dei var "Roy" med 658 besøk, "Mennesklig kapital" med 426 besøk, "Anegan" med 298 besøk, og "The Remaining" med 53 besøk. Ikkje så altfor mykje å skryte av der altså.

Den tyske "Phoenix" har streng talt heller ikkje så sterke tall å skryte over. Med 1.042 besøk havna den på 13. plass førre helg, fleire plass under veteraner som "The Imitation Game" og til og med "Staying Alive" som var inne i sin femte helg. Den er også ein plass under "Kingsman: The Secret Service" som klarte å slå til med 2.157 besøk til tross for at det "berre" var ein førpremierehelg, med skikkeleg premiere, med fleire salar, i helga veke ni. Det er vel strengt talt ikkje kjempeoverraskande at "Phoenix" havna noko ned på lista, eg som følger relativt godt med på kino hadde så vidt høyrt om den utanføre "kommende filmar"-lenkane på min lokale kino sine nettsider. Terningkasta lente óg meir mot middelsgod enn god, så når me plusser på at det verken var britisk, amerikansk, eller norsk film så hadde den ikkje dei beste oddsa i verda.

"Night at the Musem: Secret of the Tomb" gjekk det betrakteleg betre med. Den havna på andre plass med 18.266 besøk som óg sikra den 7. plass over opningshelgar så langt i år, over storfilmar som "Jupiter Ascending" og "Blackhat". Det hjelp nok heilt klart på at dette er ein film rette mykje mot barn, den har til og med norsk dub, ettersom det er historisk ein av dei mest populære filmsjangerene på norsk kino. Hadde det ikkje vore for at fyrste plassen denne helga hadde så ekstremt mange besøk så hadde det nok gått mot fyrste plass for Ben Stiller.

For på fyrste plass så har me så klart "Fifty Shades of Grey", filmen som dei byrja å skriva om tidleg førre veke når det ble klart at den hadde solgt nærmere 100.000 billetter i forhandssalg. Det endte til slutt på med 143.329 besøk for filmen, noko som hadde vore nok til å ta fyrste plassen for heile 2014 og 2013 óg. Dei andre filmane hadde ikkje ein sjanse. "Fifty Shades" er heilt klart årest store snakkis, og det er ikkje så rart då boka var den store snakkisen i sin tid. Millionar på millionar av menneske har lest boka, og mange av dei same storma til for å sjå filmen over heile verda. Om den blir den største helga i 2015 blir vanskeleg å seia. Me har båe ny "Avengers"-film og ny "Star Wars"-film som opnar seinare i år. "The Avengers" klarte ikkje i si tid så store tall som det "Fifty Shades" stiller med, men etter tri år med enda fleire filmar og TV-serier skal me ikkje avskriva superheltane heilt enda. Sjølv trur eg meir at "Star Wars: The Force Awakens" blir den store i år. Den fyrste filmen er nesten førti år gamal, mens den nyaste er så vidt ti. Det er publikum i alle aldere som kjem til å strømme til filmen, i motsetning til det som egenleg skal vera ein nokså begrensa demograf for "Fifty Shades of Grey".

Elles gjorde "Shaun the Sheep Movie" ein fin jobb i sin andre helg, havna på tredje plass med 15.880 besøk. "Big Hero 6" i sin tredje helg fekk 14.200 besøk og ein fjerde plass, og "American Sniper" i sin fjerde helg fekk 7.107 besøk som gjorde den fortent til femte plass.

Filmane som premierer denne kommande helga er "Jag stannar tiden", "Clouds of Sils Maria", "Still Alice", "The SpongeBob Movie: Sponge Out of Water", og "The Woman in Black 2 - Angel of Death". Her trur eg ikkje det er heilt galskap av meg å forutsjå at "Sponge Out of Water" havner på ein soleklar fyrste plass, men resten er eg litt meir grå på. Me er glade i skrekk her til lands, så "The Woman in Black 2" kan me nok ikkje ta heilt ut av spelet, og eg trur nok at "Still Alice" kjem til å havne relativt høgt på lista i tillegg. "Jag stannar tiden" blir nok den store premieretaperen som ein svensk dokumentarfilm.

Du kan sjå fleire av statistikkane på Filmweb.no og Kino.no.

No comments:

Post a Comment