Friday 13 February 2015

Kingsman: The Secret Service - Bra britisk brillefilm

"Kingsman: The Secret Service" har for nokon flydd fine tri hundre fot under raderen, mens den for andre har vore ein av dei mest påventa filmane dette året. Sjølv visste eg lite om filmen før mot slutten av i fjor, når trailerene på fullt byrja spela på min lokale kino. Men med Matthew Vaughn bak roret og ein norsk skodespelar blant rollane så måtte det sjåast.

Fox Movies
"Kingmsan: The Secret Service" er basert på ein teikneserie nett som Matthew Vaughn sin andre storslagar, "X-Men: First Class". Men likheitane stoppar ikkje der. "Kingsman" handler óg om ein hemmeleg organisasjon av høgst talentfulle individer som jobbar på lag for å stoppe verdas største trusler, den har óg ein utruleg velført stil, og for å ikkje gløyme eit jetfly gøymt under plenen til eit heller fint herskapshus. Men til tross for alt som er likt, må eg få seia at dette er ein nær unik film, som mestrer sine sjangeres tropar veldig bra, og ikkje tullar rundt. Dette er ein av årets beste.

Eg føler meg nesten dum når eg igjen har ein film som skal bli årets beste, me er jo ikkje ferdige med februar ein gong! Men sånn er det no, eg tviler på at det kjem altfor mange andre filmar som kan ta att denne på favorittlista mi. "Kingsman" er inget mesterverk på same måte som ein kan seia "Citizen Kane", "Schindler's List", eller "Whiplash" er, men den er eit absolutt mesterverk i rein underhaldning.

"Kingsman" følgjer hovudsakleg ungdommen Eggsy, og hans mentor Harry (spelt av Colin Firth). Harry er medlem at Kingsman-organisasjonen, ein spionorganisasjon som handlar selvstendig utanføre nokon regjering, Harry meiner at Eggsy er den perfekte kandidat til å bli ein såkalla Kingsman etter at ein av hans kolleger blir drept i kamp. Me får då sjå Eggsy gå gjennom alle prøvane som må til for at ein skal kunne kalla seg sjølv ein Kingsman.

Strukturen på denne filmen er nokså spesiell i forhald til andre liknande filmar, og enda meir så i forhald til all anna samtidsfilm. Filmen byrjar nokså treigt og faktisk noko uinteressant før den så blir meir og meir spennande som den går. Den klassiske dramaturgi-grafen, som mange av oss har sett før, har båe oppturar og nedturar i spenningsaksen, men Kingsman sin går nesten rett opp som ein diagonal. Det kan vera vanskeleg å setta seg inn i til å byrja med, då det er annleis frå koss ein er vant med å sjå film, men når ein fyrst kjem inn i det er det fantastisk. Det er ikkje eit einaste augenblikk som ikkje er meir spennende enn det som var før det, frå start til slutt.

Det mest negative med denne filmen er dei visuelle effektane. For ein film med eit såpass stort budsjett forventar eg meir enn det eg ble levert. Ja, det er nokon shots, som med alle filmar, som er betre enn andre. Dei såkalle moneyshotsa, dei som det ble spart opp pengar til for å få ekstra fine, men det er så mange mindre effektshots i denne filmen som berre ikkje strekkar til. Dei ser ut som om dei er fleire år gamle, og det er ganske mykje når det kjem til denne bransjen. Fleire av dei beste actionsekvensane blir nesten øydelagt av det, eg ble konstant kasta ut av filmen når det plutseleg var eit nærbilete av ein avkappa finger som såg ut som den var blitt rotoskopa ut av, vel, meg sjølv. Det meste av dette er i byrjinga, som er den delen eg har mest problem med uansett pga. det lave spenningsnivået, men det er også liknande shots spredd utover mot slutten av filmen, kor det absolutt ikkje burde vore spart på pengane. Dei kan betre for 81 millionar dollar.

Men alt i alt så er dette heilt klart ein fantastisk film. Me får flotte skodespelarpresentasjonar frå heile spekteret av rollar, me får ein spennende historie med faktisk oppbyggjing, me får fantastiske mengder humor, me får kanskje tiårets beste filmreplikk, og me får kule spiondingsebomsar. Det einaste verkeleg kjipe, og eg meinar verkeleg kjipt, er at når me endeleg får ein nordmann med i ein så kul spionkomedie, som er så bra laga, så spelar han ein svenske. Det kunne dei spart seg for.

No comments:

Post a Comment