Saturday 28 February 2015

The SpongeBob Movie: Sponge Out of Water - For fansen

Eg må ærleg talt seia at eg er ganske langt utanføre denne filmen sin målgruppe. Eg har aldri sett mykje av serien, når eg såg den for fyrste gong tykkja eg det var for barnsleg og har aldri egenleg gått tilbake att. Det har vore eit klipp her og der på YouTube eg har tykkja var morosamt, men det var ikkje før eg høyrte om denne filmen at eg byrja å sjå båe på serien og den fyrste kinofilmen basert på den valdsamt populære teikneserien.


Det eg har fått sett av TV-serien har eg likt nokså godt, og filmen var spesielt god. Ein av dei betre 2D-animerte kinofilmane dei siste åra. Men "Sponge Out of Water" fenga ikkje spesielt mykje. Den blir altfor opphugga etter min smak, noko eg kunne forstått ettersom ein typisk episode av serien er berre på ti minutt, men den fyrste filmen klarte kjempebra å forlenge konseptet til ein heilaftensspelefilm. Det verkar som om dei hadde mange mindre ideer som egenleg kunne funka bra som episoder, men så pusla dei i staden klippa samen til ein film slik at dei fekk større budsjett til å gjere dei nokså ambiøse ideane sine betre. For det er mykje stilig i denne filmen.

Ein av dei stiligere delane av filmen er det som dei har vist mest i trailerene, der kor SpongeBob og venane hans blir om til 3D-animerte figurar og går opp på land med live-action bakgrunn. Serien sjølve eksperimenterer med visuelle uttrykk, og filmen er ikkje noko unntak. Me får 2D-animasjon, 3D-animasjon, fotorealistisk CG, og til og med noko som minner meir om dukkespel enn noko anna. Det er kjekt og held deg på tåa sidan du aldri er heilt sikker på koss ting kjem til å sjå ut.
(P.S. filmen er faktisk hovudsakeleg 2D-animert i motsetning til kva trailarene seiar, så om det har vendt deg mot filmen så må du vite at det 3D-animerte aspektet ikkje er kjempestort.)

Alt i alt er dette ein heilt grei film. Men den passer klart betre for barna og den allereie fastsatte fanskaren enn eit nytt publikum. Det er dog heilt klart vits å sjå denne filmen om du har ein kjærleik for animasjon, det er nokså langt mellom 2D-animerte kinofilmar frå Hollywood i det siste, og eg fryktar det blir enda lengre til neste film. Det er alltid noko for animasjonsfans å sjå på her, sjølv om historia ikkje fenger.

No comments:

Post a Comment