Sunday 22 February 2015

Dobbel-dobbel norsk?

Me har allereie hatt dobbel-norsk i lagsprint under ski-VM, kan me i natt få enda ein dobbel-norsk under Academy Awards? Mest sannsynleg ikkje.

Årets største kveld for ei viss gruppe filmfans er her, og tusenvis av filmfolk samlar seg over heile verda for å sjå fisefine amerikanare gå ned den raude løparen og få tildelt gullstatuer med namna sine på. Men kva for nokon av dei rundt 40 nominerte spelefilmane kjem til å få heder og ære i form av ein liten mann? Eg har sett berre 24 av dei nominerte filmane, men dei aller fleste i dei store kategoriane, og skal prøve så godt som eg kan å forutsjå kven som blir dei store vinnarne og dei store taparene når morgonen gryr.

Me startar med manuskategoriane. For beste adaptert manus har me "American Sniper", "The Imitation Game", "Inherent Vice", "The Theory of Everything", og "Whiplash". Kall meg gjerne galen, men dette trur eg faktisk kan bli norskregisserte "The Imitation Game" sin storpris. Filmen er det perfekte oscarbait, og få av dei andre filmane står fram som typiske vinnare av denne prisen. Viss det ikkje blir "The Imitation Game", blir det nok "The Theory of Everything".
For originalt manus har me "Birdman or (The Unexpected Virtue of Ignorance)", "Boyhood", "Foxcatcher", "The Grand Budapest Hotel", og "Nightcrawler". Her er nok "The Grand Budapest Hotel" den soleklare vinneren. Wes Anderson sine lekne manus er favorittar sjølv hjå det ganske tradisjonelle akademiet, han har allereie fleire nominasjoner så dette blir nok året han vinn. Nokon spekulerer i at "Boyhood" kjem til å ta denne prisen, men det blir nok for tynt sjølv for ein så elska film.

Visuelle effekter er det liten tvil går til "Dawn of the Planet of the Apes", dog eg gjerne ville sett den gå til "Interstellar" som faktisk endte opp å bevise ny vitskap med sine effektar. Når effektshuset Double Negative samarbeida med forskaren Kip Thorne oppdaga dei at svarte hól ikkje såg ut som me egenleg trudde. Men eg fryktar at "Dawn of the Planet of the Apes" sine meir in-your-face-effektar tar prisen som altfor ofte kor til effektspektaklar i staden for dei fantastiske usynlege effektane me ser i filmar som "The Wolf of Wall Street" og "Lincoln".

Teknisk ljod har som vanleg to kategoriar, ein for miks og ein for klipp. Her tippar eg "Birdman" tar for klipp og "Whiplash" for miks. Eg har aldri hatt roen på koss desse kategoriane blir bedømt, men for meg er desse dei mest openbare. "Birdman" har bra klipp som lar filmen sitt one-shot-bilete verke meir som eit faktisk one-shot, og "Whiplash" klarer nesten perfekt å mikse ljoden til trommene på slik ein måte at ein føler ein nesten lev i trommane.

Produksjonsdesign går nok her til "The Grand Budapest Hotel". Filmen er den einaste som verkeleg står ut blant dei nominerte, og ingen av dei andre er noko betre enn normalen på produksjonsdesign. Viss eg måtte ha valt ein til, så er det nok "Mr. Turner" som selger England i gamle dagar veldig godt sjølv om me har sett det hundrevis av gonger før på båe fjernsyn og film.

Musikk har óg to kategoriar, ein for komponert musikk, og ein for original sang. Eg har nevnt før at eg meiner "The Theory of Everything" er god på musikkvala sine, og trur dermed at den kjem til å ta prisen for komponert musikk til tross for at komponist Alexandre Desplat faktisk er nominert to gonger for to forskjellege prisar i same kategori. For sang er eg egenleg ikkje like sikker, men håpar den går til "Everything is Awesome" frå "The LEGO Movie" som bli fråstjålet sin nominasjon for animert film.

"Ida" er heilt klart den som vinn for utenlandsk film. Utenlandsk film som er nominert i meir enn ein kategori vinn meir eller mindre alltid kategorien for utenlandsk film, og eg tvilar på at "Ida" blir noko annleis. "Ida" er nemleg óg nominert for kinematografi, dog eg håpar og trur at den prisen kjem til å gå til "Birdman".

Animert film tippar eg går til "The Boxtrolls", men dette er ei veldig splitta gruppe. For min del kunne prisen gått til båe "How to Train Your Dragon 2" og "Big Hero 6" og eg hadde vore nøgd, men med to filmar til som eg ikkje har fått sett enda så blir det ikkje lett å forutsjå. "Big Hero 6" hadde eg stemt på om eg hadde stemme.

Og då går me avgarde til dei store prisane. Fyrst tar med birollar. Mange har snakka om at Meryl Streep kjem til å få pris for sin rolle i "Into the Woods", men eg klarer ikkje å få hovudet mitt rundt at ho skal bli vinne for å spele ei heks i ein slik film. Denne prisen går nok til Patricia Arquette for "Boyhood". Ho speler bra over alle tolv åra i filmen, og er heilt klart ein av dei betre delane av heile opplevelsen. Viss ho ikkje vinn så går kanskje prisen til Emma Stone for "Birdman".

Mannleg birolle går nok til JK Simmons for "Whiplash". Det må den berre gjere, noko anna blir for dumt. Det er klart mange flotte forestillingar som er nominert, spesielt Mark Ruffalo for "Foxcatcher" og Ethan Hawke for "Boyhood", men JK Simmons blir nok for god for dei alle. Eg legg den ballen død allereie no.

Kvinneleg hovudrolle er litt spesielt. Alle dei mannelege hovudrollepresentasjonane er frå filmar som óg er nominert til beste film, mens blant dei kvinnelege er berre ein frå ein beste film-nominert film. Her har eg berre fått sett to av dei nominerte presentasjonane, men trur at Julianne Moore vinn for sin i "Still Alice". Er har ikkje fått sett denne enda, den hadde premiere no førre fredag, men eg har høyrt utruleg mykje bra om den. Det blir nesten rart om ein anna vinn.

For mannleg hovudrolle er eg meget skeptisk. Fyrst og fremst forstår eg ikkje kvifor Steve Carell er nominert for sin under gjennomsnittet bra presentasjon i "Foxcatcher". Resten er nokså gode presentasjonar, men ingen som står fram som ein soleklar vinnar. Eg ville gitt prisen til Michael Keaton for "Birdman" blant dei nominerte, men eg trur faktisk at Eddie Redmayne kjem til å få den for "The Theory of Everything". Han er langt frå dårleg i rolla, utruleg god faktisk, men personleg tykkjar eg at Michael Keaton tar det litt lengre og er litt betre. Blir dog ikkje irritert om Redmayne vinn denne.

For regi har me faktisk ein nordmann blant dei nominerte! Det er nok lenge til noko slikt skjer att så me får berre godte oss mens me kan. Her er Alejandro G. Iñárritu ("Birdman"), Richard Linklater ("Boyhood"), Bennett Miller ("Foxcatcher"), Wes Anderson ("The Grand Budapest Hotel"), og Morten Tydlum ("The Imitation Game") nominert. Eg trur ikkje i det heile tatt på at Morten Tydlum kjem til å vinne dette, men det er fantastisk gøy berre at han er nominert. Hadde du fortalt meg for nokre år sida at han som regisserte "Buddy" med Aksel Hennie og Nicolai Cleve Broch kom til å bli Oscar-nominert så hadde eg lurt på kva faen du snakka om. Nei, denne prisen trur eg nok går til Linklater for "Boyhood". Forten han den er ein anna sak, men eg trur han kjem til å få den. Eg ville sjølv likt å sjå den gå til Iñárritu for "Birdman" eller til og med Anderson for "The Grand Budapest Hotel", men me kan ikkje få alt me vil her i livet.

Så for beste film. "American Sniper", "Birdman", "Boyhood", "The Grand Budapest Hotel", "The Imitation Game", "Selma", "The Theory of Everything", og "Whiplash". Her har eg sett alle utanom "Selma" som enda ikkje har hatt premiere i Noreg. Sjølv om eg tykkjar det er filmen som minst forten prisen så trur eg at "Boyhood" får denne. Eg tykkjar "Boyhood" var for lang, og for keisam, og at det einaste som gjorde den interessant var gimmicken med å spela inn filmen med dei same folka over eit tiår. Eg ville mykje heller gitt prisen til "Whiplash" eller "Birdman". Dog skal eg ikkje seia at eg er hundre prosent sikker på at "Boyhood" får prisen, eg trur nemleg at "The Grand Budapest Hotel" er ganske høgt oppe der óg. Filmen har gjort det veldig bra no i prisseongen, og det hadde ikkje overraksa meg om den no slår til med eit smell og tar den gjevaste prisen på Oscars óg. Me får berre vente og glede oss til dei tidlege morgontimane for å finne det ut.

Og heilt til slutt kategorien med den andre nordmannen i, beste animerte kortfilm. Her har eg berre sett to av dei nominerte. Den norsk-canadiske "Me and My Moulton" og Disney sin "Feast". Eg har dog høyrt mykje lovord om den semi-Pixar-laga kortfilmen "The Dam Keeper" og trur den kjem til å vinne. Dei store studioane pleier ikkje nødvendigvis å vinne denne prisen, og "The Dam Keeper" held seg litt utanføre med å berre fått hjelp frå Pixar til å laga filmen, og er ikkje ein faktisk Pixar-produsksjon sjølv. Eg håpar dog på norsk sigar her med "Me and My Moulton".
Så ja, ingen norske priser er min forutsjåing. Ein pris til ein norskregissert film, ja, men ingen til ein faktisk nordmann. Men det går nok bra, det er utruleg at det i det heile tatt er så mykje norsk som er nominert. Åtte nominasjar til "The Imitation Game" og ein til "Me and My Moulton". Det er eit bra år for norske filmfans.

Viss du vil sjå alle mine forutsjåingar kan du sjå dei her. Og viss du vil lese alle mine bloggpostar om nominerte filmar for Oscars 2015 kan du følgje denne lenka.

No comments:

Post a Comment