Monday 23 February 2015

Richie Rich - Ingen nostalgiatur

Om du ikkje har fått med deg at Netflix har fått seg ein "Richie Rich"-serie så er det ikkje din feil. For til tross for at serien er produsert for Netflix som ein del av ein stor avtale mellom Dreamworks og Netflix, så er serien så langt ikkje å finne på norske Netflix. Det stoppa dog ikkje meg frå å sjå den nyaste versjonen av ein av mindre favorittfranchisar frå barndommen.


I Netflix sin nye serie, produsert av YouTube-selskapet AwesomenessTV, følgjer me unge Richie Rich og hans famile, vener, og robotstuepike. For dei av dykk som har enten sett den gamle tegneserien, eller eit par av filmane frå 90-tallet er det lite dykk kjem til å kjenne att i denne nye versjonen. Her har Richie sjølv tent pengane han er så kjent for. Ved å på magisk vis forvandle gamle grønsakar til ein fornybar energikjelde som er betre enn noko anna så har han tent ein billion dollar over natta. Som bieffekt så har han då ikkje rike, kloke foretningsforeldre, men ein slask av ein åleinefar og ei sur syster som ikkje unner Richie noko som helst.

Frå fyrste scene så er det ikkje tvil om at dette er ein Disney Channel-ripoff. Nett same oppsettet som alt frå "Hannah Montana" til "The Suite Life on Deck", ned til reklamepausane. Me får latter som ikkje passar inn, gisp og ååh-ing for kvar minste ting, og kvar einaste episode løsar seg opp på berre eit par sekund etter ein passande monolog. Dette er langt frå det som me normalt sett assosierar Netflix Originals, det er ikkje nokon "House of Cards" eller "Marco Polo", ikkje ein gong for sin eiga sjanger.

Det største problemet til serien er at den ikkje brukar konseptet bra nok. Her har me ein gutunge som plutseleg er rikast i verda, men veldig lite handlar egenleg om kva han gjer med dei pengane. På grunn av budsjett så får me ikkje ein gong sjå noko spesielt til kule privatfly og romskip. Eit par scenar har ein jetpack på deling, og eit svevande surfebrett, men bortsett frå det så er det lite som tilseiar at Richie Rich er nettopp Rike Rikesen. Eg seiar ikkje at dei burde ha hevet i trynet på oss kor mykje peng han har, og løst alle problemene som kjem med pengar, men me kunne gjerne sett litt meir av det, då det faktisk er sjølve konseptet bak karakteren.

Serien har dog ein veldig stilig verd som den så vidt snakkar om frå tidar til tidar, med berre sisteepisoden dedikert fullstending til den. Robotane. Irona som er robotstuepiken som alltid følgjer Richie Rich rundt er den mest konstante påminninga om at Richie er rik, men serieprodusentane har klart å bruka ho til mykje meir enn det. Når du fyrst kjem forbi det litt ekle stadiumet kor du ser at ein gutunge har kjøpt ein robot med utsjåande til ein kvinneleg modell i tjueåra og putta ho i ein stuepikeuniform med kort skjørt, så har dei laga ei flott verd som hintar på eit univers fullt av robotar som berre venter på å bli sett. Ho ser på egen såpeopera om robotar, mykje som "All My Circuits" i "Futurama", snakkar titt og ofte om koss robotar og/eller asteroidar kjem til å utrydde menneskene når den tida kjem, og har kjærleikforhald til støvsugare og høgtalare. Skodespelar Brooke Wexler gjer ein flott jobb med det ho har fått utdelt og blir lett den morosamste karakteren i serien, og er heldigvis ikkje like underbrukt som robotverda er. Eg håpar me får sjå mykje meir til den i andre sesongen som kjem på eit ubestemt tidspunkt.

Alt i alt er dette ein serie som det ikkje er spesielt vits i å sjå med mindre du som meg likar dårlege Disney Channel-seriar. Det er ikkje noko i denne serien som du ikkje kan få frå kva som helst anna serie på Nickelodeon eller Disney, anna enn eit flott sideplott om våre framtidige robotherskare så klart. Det er fin bakgrunnsunderhaldning for når du jobbar med noko viktigare, eller kanskje det til og med ikkje er så gale for smårollingane i familen som serien faktisk er beregna på. Men om du håpar på nostalgiatur til Macaulay Culkin eller David Gallagher så må du sjå ein anna plass, for dette er eit hundre prosent noko anna.

No comments:

Post a Comment