Tuesday 3 March 2015

The Last Man on Earth - Mykje potensiale

"The Last Man on Earth" er ein ny komiserie skapt av skodespelar slash komikar Will Forte ("Nebraska", "30 Rock") som hovudsakleg handler om den titulære karakteren Phil Miller som tilsynelatande er den siste mannen på jorda. Serien har óg med seg dei populære Phil Lord og Chris Miller ("21 Jump Street", "The LEGO Movie") som visstnok hadde den originale ideen for serien før Will Forte løp avgarde med ideen i eiga retning.


Med så mange gode folk bak seg så har serien eit usedvanleg bra utgongspunkt, og når du plusser på det nokså uvanlege konseptet (for ein fjernsynsserie) så ender du opp med noko veldig interessant. Men lever det egenleg opp til alt som det kan? Eg tykkjar ikkje det. Serien er morosam, ja, nærmast hysterisk til tidar, men det blir relativt fort gamalt. Det fins to episoder på rundt tjue minutt kvar og eg føler at me allereie har gått gjennom det meste som kjem til å vera morosamt. Det hjelp heller ikkje heilt at lurekonseptet blir avslørt som lureri allereie i fyrste episode, for Phil er så klart ikkje den siste personen på jorda, det finn han ut når Carol (Kristen Schaal) dukker opp.

Det har seg slik at serien byrjar med Phil som køyrer landet rundt i ein buss og leiter etter andre som overlevde viruset som drepte alle han kjente. Overalt han drar skriv han skilt som viser til at han bur i Tuscon, Carol finn då eit av desse skilta og drar til byen for å spore ham opp. Problemet mitt her er at den lille montasjen verkar uendeleg mykje betre enn det serien leder opp til. I staden for å følgje ein mann som drar gjennom heile USA på letning etter folk mens han drar med seg alt det kulaste og dyraste han kan, og blir meir og meir deprimert når han ikkje finn nokon, så for me ein serie om ein mann som bur i eit skittent hus og må gå gjennom kvardagen med sin nye nabo som han så klart ikkje kjem overens med.

Ja, det er ein odd-couple-serie. Phil og Carol er heilt motsatte, og har handtert krisa på forskjellege måter. Kor Phil har stjålet alt han har og tatt den lettaste utvegen som løsning på alt har Carol prøvd å gjere alt så skikkeleg som mogleg. Ho har lyst på ny sivilisasjon mens han vil berre ha det gøy før han til slutt menneskeheita døyr med ham. Det blir berre for dumt når du allereie har dette kule konseptet, det er så mange andre vegar dei kunne gått.

Serien kan enda snu om og ta konseptet til nye høgdar, dei har nok ein eller anna plan som skal gjere det betre enn det det allereie er, men eg klarer berre ikkje å sjå kor den retningen ledar. Vitsar om toalettbasseng og ballar med fjes er morosamt berre så lenge, men eg er heller ikkje ute etter ein serie om ein mann og ei dame som prøver å bygge opp ein mikrosivilisasjon. Eg kjem nok uansett til å sjå vidare berre for nysgjerrighetens skuld, for eg har eit ørelite håp om at det enda kan bli kjempebra. Men eg tvilar.

No comments:

Post a Comment