Sunday 8 March 2015

Inherent Vice - Lang og dryg

"Inherent Vice" kjem frå regissør Paul Thomas Anderson som gjennom filmar som "Magnolia", "There Will Be Blood", og "The Master" har bygd seg eit ganske bra rykte i Hollywood. Han som tør, og får lov til, å lage litt lengre og drygare filmar enn normen. Med seg her har han óg Joaquin Phoenix som han tidlegere jobba med på "The Master".


Dette er ein av dei få filmane som eg visste om og ville sjå, men aldri leste meg opp på. Normalt sett så veit eg iallfall konseptet og sjangeren før eg går inn, eller ingenting i det heila tatt fordi eg berre bestemte meg for å sjå den. Men "Inherent Vice" har eg høyrt om sida før den premierte i USA i desember, eg har høyrt folk snakka om den, og eg har visst at eg ville sjå den, men eg har aldri lest meg opp på den. Eg trur eg kanskje såg ein kvart trailer i fjor haust, men ingenting som sa meg noko nevneverdig, eg ville gå inn blank.

For eg visste at dette uansett kom til å vera ein spesiell film, ein slik film som eg kanskje ikkje ville sett om eg hadde visst for mykje om den på forhand fordi eg ville overbevist meg sjølv om å heller sjå ein tryggare film som eg visste eg kom til å like. Og det var det absolutt. Filmen følgjer Doc, ein privatetterforskar som har havna midt i noko stort via fleire småjobbar og løftet om å redde eks-kjæresten frå ein skittstorm ho har rota seg inn i. Det er faktisk ein vaskekte film noir detektivhistorie, berre satt til 70-tallet med ein dopa privatetterforskar i hovudrolla.

Phoenix er heilt klart det beste med filmen, som alltid gir han ein fantastisk forestilling frå byrjing til slutt. Josh Brolin gjer óg ein knakanes jobb som politibetjent Bjornsen, men utanom dei to er det langt mellom godbitane. Det er scenane mellom Doc og Bjornsen som gjer at filmen blir toleleg i dei lange 148 minutta. For ja, filmen er for lang og for dryg for min del. Det blir for langt mellom godbitane, og eg tykkjar det blir veldig mykje gjentakning. Doc går til ein person, Doc finn ut av noko, Doc drar heim, Doc snakkar med Bjornsen, Doc går til ein person, Doc finn ut av noko, Doc drar heim. Eg forventa ikkje ein actionfilm på nokon måte, men det kunne blitt gjort litt meir spennende enn å sjå på ein fyr som snakkar med folk og tar dop.

Alt i alt så er dette ein film eg vil seia eg likar, men eg kjem neppe til å sjå den att. Gleden i filmen ligg i å finne ut av kven som er kven og som har gjort kva, og få aha-augeblikk saman med Doc. Pluss å sjå Phoenix og Brolin samspele i dei altfor få scenane dei har i samen, dei burde egenleg laga ein film berre om dei to. Då hadde me snakka bra film.

No comments:

Post a Comment