Wednesday 4 March 2015

Aftershocks - Fullt tilbake

"Marvel's Agents of S.H.I.E.L.D." er tilbake for fullt etter ein lang juleferie som sluttet på eit ekstremt spennende punkt. "MAOS" er kanskje enda mest kjent for å vera nokså treige til å kome i gong, og heller keisamt i lengda, men her bevisar dei at det er fjernsyn som er den mest spennende utposten for Marvels filma univers nett no.


I denne episoden hoppar me noko fram i tid frå i fjor. "What They Become" slutta med døden til sesongens dittil hovudskurk, Skye sine nye kreftar, og Trips død. "Aftershocks" bryr seg ikkje med å handtere den direkte ettermatten men går heller fram til når det er litt meir spennende, etter karakterene har hatt litt tid til å rydde opp etter all faenskapen. Skye er låst i eit glassbur for frykt av smittande utanomjordisk virus, Simmons ryddar opp den underjordiske byen og klargjer for oversvømming, Fitz slit med å fikse Skyes biometriske klokke, og Mack slit med alt som skjedde mens han var påverka av kva enn det var som fekk ham til å angripe sitt eiga lag.

Ein av dei verste og beste delane av denne episoden er at den berre byrjar "midt i", me får ikkje egenleg vite at dette er ei lita stund etter førre episode, og i nokre minutt verkar det nesten som at det har vore fleire vekar eller månedar. Eg likar det fordi me slipper den ganske vanlege catch-up-episoden som mange serier med midtsesongsfinaler har, den kor dei går gjennom heile sesongen opp til no og med får ikkje vite noko nytt før mot slutten. Her held det med ein kjapp recap av førre episode, etterfulgt av meir naturleg dialog som visar til kva som har skjedd opp til no.

Men min favoritting med episoden er at dei ikkje er redd for å bli rare. Serien har fått god tid til å modne seg etter halvanna sesong. Me har sett haugevis med filmar satt i same univers, me veit at det er ein rar verd, og no får me sjå den óg i "MAOS". Raina er no fullt mutant, med alle dei rare protesene som følgjer. Torner på hode og hendar, grøn hud, augelinsar, heile sulamitten som kven som helst kjent med fjernsynsvitsjon som "Stargate SG-1" og "Babylon 5" er godt kjente med.

Marvel har endeleg tatt det store spranget med seriane sine. Med "MAOS" i primetime på nettverksfjernsyn, "Agent Carter" i juleferien, og om ein måneds tid kjem óg "Daredevil" på Netflix som seinare óg får partnerseriar. DC har lenge eid fjernsynsmarkedet for superheltar, men no er det ikkje lenge før Marvel tar over alt her óg, og det passer meg heilt fint.

No comments:

Post a Comment