Saturday 7 March 2015

Unbreakable Kimmy Schmidt - They alive, dammit!

Netflix pumper på med serier i år og no er årets tredje serie på plass, komedien "Unbreakable Kimmy Schmidt" skapt av Tina Fey ("30 Rock") og Robert Carlock ("30 Rock") med Ellie Kemper ("The Office") i den titulære hovudrolla.


Serien følgjer Kimmy Schmidt som har blitt holdt fanga i ein underjordisk bunker i femten år av ein gal prest som trudde jorda kom til å gå under. Når ho og dei tri andre kvinnene som ble holdt fanga blir invitert til New York på fjernsynsintervju bestem Kimmy seg for å bli att i håp om at det blir lettere å riste av seg stempelet "Mole Woman" som media gav dem. Ho får jobb som barnevakt hjå ein milliadærs kone og flytter inn i ein kjeller samen med ein strevande (les: arbeidslaus) skodespelar.

Eg vil seia at dette er den morosamste serien Netflix har gitt ut til dags dato, og det er vel kanskje ikkje så rart når du har Tina Fey og Robert Carlock bak spakane. Frå fyrste episode slår serien an og den gir aldri opp. Det er ingen innlevningsperiode som mange andre serier har, det verker som om du allereie har sett på serien i fleire sesongar når introsegmentet køyrer på for fyrste gong. Ingen klønete pilotepisode, ingen klønete sesongavslutning, ingenting av det som normalt sett er normen med sitcoms av denne typen.

Serien gjer det óg bra med koss den handterar historielinjar. Du kan i teorien hoppe inn og sjå kva som helst episode (med nokre unntak så klart), men det er tråder som går gjennom samtlege episodar med samtlege karakterer som stadig gir payoffs. Til og med episoder som fyrst verkar som filler-episoder (episoder som ikkje tilfører noko til serien) viser seg seinare til å ha introdusert karakterer og konsept som blir viktigare etterkvart som serien går. Det einaste eg har å klage på i serien er noko av greenscreen-bruken. Det er fint for meg om sitcoms helst vil bruke greenscreens, ofte er det berre tryggare, billegare, og ser nokså likt ut uansett. Men det er ein del scenar i serien som berre ikkje funkar på grunn av det, du ser med ein gong det er falskt og det tar deg ut av serien som elles ser nokså ekte ut. Heldigvis er det eit lite stykke mellom desse scenane.

No comments:

Post a Comment