Friday 6 March 2015

Chappie - Grei underhaldning

Eg ville veldig gjerne seia enten at "Chappie" var crappie, eller at den gjorde meg veldig happie, men verken eller er sant. Det er ein heilt midt-på-treet film som verken fortener slakten eller skryten den får. Hadde det ikkje vore for at regissøren etterkvart er blitt nisjekjendis blant vitsjonfans for "District 9" hadde den filmen blitt mottatt mykje meir lunkent.


"Chappie" er satt til Johannesburg og viser ein by så oppslukt av kriminalitet at robotar blir satt inn som politistyrke. Me følgjer nokre ansatte frå firmaet som lagar robotane pluss nokre småkriminelle med planar om større brekk. Chappie sjølv blir til når ingeniøren Deon installerer eit eksperimentelt AI-program (kunstig intelligens) på ein øydelagt politirobot, men Deon får ikkje behalde ham då dei småkriminelle har planar om å bruke ham til å foreta ran av pengebil.

Konseptet må eg seia er ganske kult, og relativt bra gjennomført der kor det teller mest. Å sjå Chappie lære seg kva det er å vera i live frå sør-afrikanske gangstere er smått fantastisk. Han lærer seg å gå som dei, snakke som dei, elske dei, men aldri heilt å vera som dei. Deon smett innom frå tid til tid når han kan, håpande på at han kan få Chappie til å bli eit vidunderbarn av dikt, maleri, og sang, men Chappie vil heller vera litt meir som dei kriminelle. Med unntak av faktisk kriminalitet.

Der filmen fall samen er på skodespel, manus, og effektar. Animatørane har gjort god jobb på Chappie (for det er faktisk animatørar, og ikkje motion capture-artistar som står bak) og Sharlto Copley får mykje fram med stemma si, men dei andre er langt frå så gode. Mykje er berre overdramatisert, til tidar verker det som om folka i filmen kan enten berre skrike eller hviske. Historien slik den spelar ut er heller ikkje fantastisk, og dialogen som følgjer er heller ikkje mykje å skryte av. Som eg sa, konseptet er kult, men dei kunne brukt meir tid på å faktisk få vist koss Chappie går frå punkt ein til punkt to. Det er relativt humpete slik det er, og av og til forandrer han seg litt vel mykje, litt vel kjapt.

Alt i alt så er dette ein fin film å sjå på Netflix ein kveld, men du treng ikkje å gå på kino for å sjå den. Sjølve roboten Chappie er den einaste som er verdt å sjå, men det kan vente på seg for det er ikkje noko banebrytande.

No comments:

Post a Comment