Saturday 7 March 2015

Amazonia - Fin fiksjonsdokumentar

Eg visste ingenting om denne filmen før eg såg traileren foran "The SpongeBob Movie: Sponge Out of Water" førre veke. Sjølv då var eg ikkje sikker på kva det egenleg var, og det frista ikkje så veldig mykje å sjå den. Men når premieren kom i går så klarte eg av ein eller anna grunn ikkje å dy meg, eg måtte sjå kva dette var for noko.


"Amazonia" kan vera litt vanskeleg å forstå til å byrje med. Det er ingen tale (med unntak av tri-fire replikker på uteksta portugisisk) og kinematografien minner meir om fiksjonsfilm enn dokumentarfilm, og filmen er faktisk lista som dokumentar. Me byrjar med å følgje ein apekatt i fangenskap som blir satt i eit bur på eit fly for å tilsynelatande flytte til ein ny plass. Flyet styrter kort tid etter midt i Amazonas og piloten av det lille flyet forlater apekatten utan mykje tanke. Det er no filmen verkeleg starter.

For filmen har close-ups, then har establishing shots, then har totalbileter, den har alt som du ville forventa frå ein Disney-film som "Homeward Bound", men alle dyra verker så mykje meir ekte. Dyra ser ut til å reagere nett som eg ville forventa dei ville reagert, dog eg er på ingen måte ekspert på dyrereaksjoner. Det blir som ein dokumentar kor me følgjer ekte dyr som berre tilfeldigvis havner midt i ein typisk tri-akters heltehistorie. Og det er dette som óg er midt største problem med filmen. For når eg byrjar å tenke slik så tenker eg på at dette faktisk er ektre dyr i situasjoner som til dem verker ekte. Er det ville dyr? Er det fanga dyr? Uansett blir det då litt mykje for meg å sjå ein apekatt svømme nedover eit elvestryk og falle frå trær.

Til tross for alt dette så er det ein meget underhaldende og fin film, det var aldri keisamt i kinosalen. Det var alltid noko å sjå på, noko å forundre over. Og til tross for å vera essensielt ein stumfilm utan tekst så får du eit sterkt bånd til apekatten i senter av historia. Du må berre bestemme deg for om du kan takle å sjå ekte dyr på denne måten, for eg veit at det ikkje er noko for alle.

No comments:

Post a Comment