Friday 20 March 2015

Insurgent - Overraskande

Den populære sjangeren post-apocalyptisk tenåringsdrama ser ikkje ut til å gå på tomgong heilt enda. Kvart år kjem det ny film i ein allereie populær serie og iallfall ein ny film som prøver på det same. Det dei alle har til felles er at dei er basert på populære bøker om unge mennesker som lever i onde verder. "Insurgent" er ein av dei som er oppfølgjer, og er heldig nok til å ha fleire av dei mest lovande og populære skodespelarene med seg på laget. Men koss er den samenlikna med "Divergent" som var hakket over berre grei?


Overraskande bra, må eg ærleg talt seia. Som sagt var den førre litt meir enn heilt grei, men ikkje med mykje. Den var god nok for meg til å ville sjå kva som hendte vidare, men eg kan vel ikkje seia at eg har tenkt på den eit sekund sida kvelden eg fyrst såg den for eit år sida. "Insurgent" byggjar bra på det som "Divergent" allereie har etablert, til det punktet at det nesten verkar som ein eigen film. For denne filmen er så annleis som det går an å bli frå "Divergent" mens den enda kan dele same sjanger, kjensla, og univers. Me har ikkje lenge sjenerte og uvante Tris, me har Tris som får fart på ting. Tris som veit kva som må bli gjort, og gjerne gjer det så fort som mogleg. Kjæresteforhaldet frå førre film tar ikkje berre andre rad, det havner langt bak mot bakerst i salen. Me får nok til å forstå at dei enda er kjærestar, men ikkje noko forbi det. Dette er ikkje ein kjærleikshistorie.

Det er vel det som er den største fordelen denne filmserien har over den største konkurrenten "The Hunger Games". Som ein som likar båe bøkane og filmane veldig godt, kan det der fort bli gamalt når me heile tida må følgje med på kven det er Katniss er glad i av Peeta og Gale, nett som med Bella, Edward, og Jacob. Dog klarer ikkje "Insurgent" å matche dramatikken i actionscenane på same måte som "Catching Fire" eller "Mockingjay Pt. 1", men den prøvar heller ikkje så veldig mykje på det. "Insurgent". Fokuset i filmen ligg åleine på Tris og koss skal kome seg dit ho treng å vera. Det skjer gjennom nokre få, kraftige, actionscenar, men for det meste lengre gjennom dramascenar.

Alt i alt er dette ein veldig lovandes film som byggjar opp mot enda større oppfølgjare, men den er ikkje heilt på nivået med "The Hunger Games" og "Harry Potter" som den klart blir samenlikna mot. Filmen er dog faktisk så underhaldande og spennande at eg ved filmens slutt trudde me så vidt var kome halvvegs. Ikkje fordi historia slutta brått, men fordi tida hadde gått så fort. Viss du allereie likar filmar som dei nevnde over, eller til og med "The Maze Runner", så kjem du til å like denne. Men ikkje forvent at det er noko du kjem til å snakke om i lange tidar framover.

No comments:

Post a Comment